Produkter

frå eigen gard

Produkta frå garden vår vert produsert av ferske råvarer frå eigen gard, så langt lageret rekk. Me brukar berre salt (utan nitrit) i både spekemat og pølser. Produkta er heilt frie for tilsetjingsstoff, og vert laga etter gamle oppskrifter, slik dei har gjort på gardane her på Vestlandet i generasjonar. Her har me tid til å venta på at produkta får modnast naturleg slik at den gode kjøttsmaken kjem fram. Då treng me korkje tilsetjingsstoff eller krydderier for å få smak og haldbarheit på kjøtet.

Reklamasjon: Om produkta ikkje svarar til forventningane, så vennlegst gje tilbakemelding. Er kunden nøgd, er eg nøgd!

Ungsau / Lam

Geit

Hjort