Velkommen til Ikeland Gard

Velkomen til Ikeland gard si heimeside. Me heldt til på Seim i Lindås kommune. Her driv me med sau, og produserer ulike produkt av eigne dyr. Sauene våre går heima heile året, men får seg ein eller to turar på stølen vår i løpet av sumarmånadane. Der får dei kosa seg på grøne enger og lyngheier. Stølen ligg ein halvtimes gange frå garden vår, på nord sida av Gladihaug. Når hausten kjem vert ein del av dyra foredla til kjøttprodukt som pølse, spekemat, pinnekjøt og lammerull.

Me som driv garden er Sigve Andreas Hopland og Kjersti Linn Bakke. Begge oppvaksne på gardar i distriktet. Kjekt du ser innom sida vår, og ta gjerne kontakt om du lurar på noko.

Det er ikke opprettet noe innhold for forsiden ennå.

Ikeland Gard

Heimalaga godsaker etter vestlandsk tradisjon.

Nyheter fra Ikeland Gard

Siste nytt